FørehandskonferanseLytt til tekstenStopp avspillingFørehandskonferanse er ei frivillig ordning der du som tiltakshavar (byggherre) og kommunen kan møtast for å avklare føresetnader for byggjetiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga. Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak som du sjølv kan søkje kommunen om løyve til, kan du møte kommunen åleine. Meir om tenestaFor tiltak som krev at du engasjerer eit firma til å ta seg av heile søknadsprosessen (kalla ansvarleg søkjar), bør du ha med deg firmaet til møtet. Førehandskonferansen skal vere halden før ein eventuell søknad blir sendt til kommunen.Kven kan få tenesta?Alle som skal setje i gang tiltak etter plan- og bygningslovaKorleis kan du søkje om førehandskonferanse? Elektronisk søknadsskjemaSøknadsfristKan søkjast på gjennom heile året.Kva kostar det?Sjå oversikt over pris for førehandskonferanse i gebyrlista til Vik kommune, som du finn på denne lenkja.Vilkår for å få tenestaKommunen har plikt til å halde førehandskonferanse dersom du som tiltakshavar, eventuelt saman med firmaet som står som ansvarleg søkjar, ønskjer det. Kommunen kan òg krevje at det blir halde førehandskonferanse.Du skal på førehand gje kommunen dei opplysningane som er nødvendige for å førebu konferansen. Dette er som regel situasjonskart, teikningar av tiltaket og eventuelt skriftleg utgreiing av ønske om dispensasjon frå regelverket.Bestill situasjonskart hjå kommunen på skjemaet kartbestillingDu kan få informasjon om dispensasjon frå regelverket på denne lenkja.SakshandsamingKommunen har ansvar for å føre referat frå førehandskonferansen. Du og kommunen sin representant skal underteikne referatet ved slutten av møtet.HeimelForvaltningslovenPlan- og bygningslovenByggesaksforskriften (SAK 10)KontaktinformasjonKontaktinformasjon finn du på denne lenkja Publisert 25.06.2021 13:58 Sist endra 09.06.2026 14:02