Justere grenser

Ei grensegustering er ei mindre endring av grensa mellom to eigedomar.

Kriteriar for grensejustering

  • Arealet mellom to eigedomar kan aukast eller reduserast med inntil 5%, men maksimalt 500 m2.
  • Ingen av eigedomane kan avgi eit areal som overstig 20% av eigedomen sitt areal før justeringen. (Dvs. at 80 % av arealet på eigedomen må ligge i ro).
  • Eigedomen sin verdi kan ikkje reduserast eller aukast med meir enn folketrygda sitt grunnbeløp (1 G).
  • Areal som vert berørde av grensejusteringa må vere regulert til same føremål. Grensejustering mellom areal der føremåla er ulike, t.d. veg og bustad, lyt ein sende inn søknad etter plan- og bygningslova.

For større endringar skal det søkjast om arealoverføring-på lenkja her finn du meir informasjon.

Har du bruk for informasjon om m.a. eigarar av bustader eller bygningar kan du søkje om innsyn i matrikkelen. Her kan du og ynskje informasjon på naboliste ut i frå eit gards- og bruksnummer. Merk deg at du skal grunngje føremålet med bestillinga, og at det kan ta noko tid før sakshandsamar får gitt tilbakemelding på søknaden.

Skjema -søk om innsyn i matrikkeldata

Utfylling av skjema

Grensejusteringar krev ikkje søknad eller løyve etter plan- og bygningslova, men du må fylle ut rekvisisjon om oppmåling:

Skjema rekvisisjon av oppmålingsforretning
 

Dokumentasjon som må vere vedlagt:

  • Situasjonskart - meir informasjon:

Her er lenkje til kommunekart.com der du kan velje Vik kommune, der er mogeleg å få laga eit situasjonskart. Alternativt kan du søkje om å få tilsendt situasjonskart for å kome vidare gjennom kommunen sitt skjema kartbestilling.
 

Kor skal søknaden om grensejustering sendast?

Søknad kan sendast som vedlegg til e-post til kommunen sitt postmottak: postmottak@vik.kommune.no.

Søknad pr. brev kan sendast slik:
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn
 

Kva skjer vidare?

Kommunen vil vurdere om kriteriane for grensejustering er oppfulgt. Dersom søknaden blir godkjent vil partane bli kalla inn til oppmålingsforretning, der dei nye grensene blir oppmålte og grensepunkt vil bli sett i marka.

Kva kostar det?

Oversikt over prisar finn du i gebyrlista henta frå budsjett 2023 og økonomiplan 2023-2026 her. 

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja