Arealoverføring

Arealoverføring er overføring av areal mellom eigedommar med felles grense utan at arealet blir oppretta som eigen eigedom.

Vilkår for arealoverføring

Løyve frå kommunen til arealoverføring må føreliggja jf. plan- og bygningslova og eventuelt jordlova.

Nødvendige erklæringar for aktuelt areal må vere oppretta. Dette gjeld for areal som overdraging av eigedomsrett, pantefråfall og konsesjonar.

For mindre endringar av areal (inntil 5%), skal det nyttast grensejustering.

Krava til pantefråfall ved arealoverføring er dei same som ved samanslåing av eigedomar. 

Ved arealoverføring mellom landbrukseigedomar må det bli gitt løyve etter jordlova § 12. I slike høve må konsesjon eller eigenerklæring om konsesjonsfrihet vere vedlagt søknaden. Les meir om denne type arealoverføring i landbruket i artikkelen på denne lenkja.
 

Slik kan du søke

Arealoverføring av eigedom får du søke om ved å fylle ut søknadskjemaet "søknad om tillatelse til tiltak utan ansvarsrett"

Søknadskjema søk om arealoverføring (PDF, 102 kB)

Dokumentasjon til søknad

Nabovarsel - her er lenkje til skjema for nabovarsel (pdf)

Situasjonskart - kan bestillast hjå kommunen på skjemaet her for kartbestilling

Rekvisisjon av oppmålingsforretning -her er lenkje til skjemaet rekvisisjon av oppmålingsforretning (PDF, 102 kB)

Ved arealoverføring mellom to eigedomar med ulike eigarar
Fyll ut og legg ved erklæring om arealoverføring (PDF, 101 kB)

Annan dokumentasjon som kan vere relevant til søknaden: