Når du er ferdig

Når eit tiltak dvs. bygge/rive/rehabiliteringsarbeid er ferdig, må du søke om ferdigattest eller midlertidig bruksløyve.

Midlertidig bruksløyve

Eit midlertidig bruksløyve gir rett til å ta bygg i bruk, sjølv om ikkje alle vilkåra i eit løyve er på plass. Døme kan vere der eigar sjølv skal gjere ferdig ein kjellar- eller ein loftsetasje, eller der opparbeiding av uteareal av ymse grunnar må utsetjast.

Lova seier at det kan bli gitt midlertidig bruksløyve, men at kommunen i eit slikt bruksløyve skal setje krav om ferdigstilling og vise til kva arbeid som står att med ein forplikta frist for ferdigstilling.

Når det det vert søkt om midlertidig bruksløyve, skal du som søkar laga ein oversikt over arbeid som står att, og "gå god for"at bygget har eit godkjent sikkerhetsnivå. Det skal og antydast dato for ferdigstilling.

Skjema for å fylle ut midlertidig bruksløyve

Krav til ferdigattest

Krav om obligatorisk ferdigattest vil ha betydning for kommunen si oversikt over bebygde areal, og gi eit grunnlag for fullstendige kart og situasjonsplanar. Forbrukarane får stadfesting på at bygningen er ferdigstilt jamfør byggeløyvet, og at alt er gjort i samsvar med krava i plan- og bygningslova.

Ein ferdigattest vil vere markeringa av slutten på kommunen si behandling av byggesøknaden, og er eit bevis for at bygget er oppført jamfør gitt løyve.

Alle tiltak skal i utgangspunktet avsluttast med ein ferdigattest. Sjølv om tiltaket ikkje er søknadspliktig må du melde til kommunen når bygget er ferdig.

Slik søkjer du om ferdigattest

Normalt er det ansvarleg søkar som skal søke om ferdigattest eller midlertidig bruksløyve. I saker der det ikkje er nokon ansvarleg søkar, så er det tiltakshaver som skal sende inn søknaden.

I søknad om ferdigattest skal søkar dokumentere at bygget er ok, og leggje ved den dokumentasjonen som det er sett krav om. Lenger nede i artikkelen her finn du oversikt over kva for dokumentasjon som skal vera vedlegg til ferdigattesten.

Skjema for å fylle ut ferdigattest

Ved tiltak med krav om ansvarlige føretak må fygjande verta vedlagt søknaden:

  • Sluttrapport for avfall (kun for enkelte typar tiltak). 
  • Gjennomføringsplan (Sjå rettleiar for utfylling av gjennomføringsplan) (PDF, 405 kB)
  • Hvis det er gjort mindre ikkje-søknadspliktige endringar i utanom til løyvet, må fylgjande bli vedlagt søknaden:
    -Oppdatert situasjonsplan
    -Oppdaterte teikningar
    -Dokumentasjon om tiltaket si plassering slik det er utført

Skjema for sluttrapport med avfallsplan-rehabilitering/riving

Her er lenkje til informasjon om byggavfall.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja