Slik søkjer du om eit tiltak (utan ansvarsrett)Lytt til tekstenStopp avspillingNokre byggetiltak kan du sende inn søknad om sjølv. Her er ei rettleiing for korleis du søkjer.Bygge sjølv eller hyre inn fagfolk?Sjekk først om du kan søkje sjølv eller om fagfolk må søkja for deg.Sjå eigen artikkel om kva for tiltak som krev at fagfolk gjer søknadsarbeidet for deg.Eit "tiltak" kan vere å bygge, rive eller endre eit bygg.Førehandsbestilling=din kontakt inn til kommunenDersom du treng kontakt med saksbehandlar i kommunen før du startar ein eventuell søknadsprosess, kan du enkelt bestille ein førehandskonferanse. Kryss av i skjemaet kva for tiltak du har planar om, og send inn elektronisk. Saksbehandlar vil då ta kontakt med deg. Dette vert det ikkje kravd inn gebyr for.Skjema for førehandsbestillingSamle alt du må ha med i byggesøknaden:Søknadskjema:Søknadskjema - søk om tiltak utan ansvarsrettSituasjonskart:Situasjonskartet kan du bestilla i vårt skjema - kartbestilling Du kan og skrive ut situasjonskart sjølv ved å gå inn på Sognekart lenkja her. Hugs då å skrive ut med rutenett. Vanleg målestokk er 1:500.Teikningar; dvs. fasadeteikningar med mål, planteikningar og snitt-teikningar. Teikningane skal vere godt utført.Nabovarsel m/vedlegg (sjå lenger nede i artikkelen om kva som skal vera vedlagt).Oversikt over alternative søknadstenester finn du på Direktoratet for byggkvalitet sine sider på denne lenkja.Varsle naboaneNår du har samla alle dokument du treng til byggesøknaden din, må du varsle naboar. For mindre arbeid som ikkje påverkar naboen treng det ikkje varslast, men det kan likevel vere greit å seie ifrå! Når varsel er sendt, skal naboane få minst 14 dagar til å uttale seg om tiltaket. Naboane skal sende sine merknader til deg.Skjema for nabovarselSkjema kvittering for nabovarsel (PDF, 54 kB)Dokumentasjon som vedlegg til kommunen - som må vere med i nabovarselet:ein kopi av nabovarselei kvittering som viser at naboane har motteke varseleteventuelle merknader frå naboaneeventuell grunn for at naboar ikkje er varsla Bygge- og aktivitetsforbod langs offentleg vegHer er lenkje med informasjon om bygge og aktivitetsforbod langs offentleg veg Bygging på ureina grunnHer er lenkje til artikkel og ureina grunn-bygging og gravingRivingHer er informasjon om avfallshandtering.Heimel:Plan og bygningslova (PBL) LOV-2008-06-27-71Byggesaksforskrifta (SAK 10) FOR-2010-03-26-488Forvaltningslova LOV 1967-02-10KontaktinformasjonKontaktinformasjon finn du på denne lenkja