Kva gjer du når du møter husdyr i naturen?

Mange turstiar går gjennom beiteområde. Det er viktig å tenke gjennom korleis du skal opptre for å unngå konfliktar og ulukker. 

Statens vegvesen skredsikrar Vikafjellet

Statens vegvesen har starta skredsikringsarbeid på riksveg 13 ved Skreii i Vik kommune. Området ligg i stigninga frå Vikøyri mot Vikafjellet.

Straumstøtteordning for organisasjonar

Lotteri- og stiftelsestilsynet åpner for ny søknadsrunde om straumstøtte 19. oktober, med søknadsfrist 16. november klokka 13:00.

Mentor på arbeidsplassen

Sogn regionråd tilbyr eit mentorprogram for tilsette som gjev opplæring, oppfølging og støtte til nytilsette på arbeidsplassen. 

Velkomen til open møteplass

Vik kommune har starta frivilligsentral, og i byrjinga vil me fokusera på open møteplass på velferdsenteret ved Vik bygde- og sjukeheim.

Verdensdagen for psykisk helse

Vik kommune er medarrangør av ei lokal markering av verdensdagen for psykisk helse. Markeringa finn stad i Sogndal 17.10.22.

Helsetunet får ny inngang frå 5. oktober

Vik legekontor og Vik tannklinikk, får ny inngang frå onsdag 05.10.2022.

To nye verksemder får miljøfyrtårnsertifikat

Ordførar Roy Egil Stadheim delte i dag ut sertifikatet til Highsoft AS og Linn Bad AS.

Nye opningstider - Vik legekontor

Vik legekontor har frå 28.09.22 endra opningstider. 

Søknad om regionalt miljøtilskot (RMP) 2022

Alle føretak som kan søke produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksproduksjon i Vestland og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søkje. Føretak som er registrerte i andre fylke kan såleis søke om tilskot, dersom dei driv areal eller har dyr på beite i Vestland. Beitelag som er registrerte i Einingsregisteret, og som oppfyller vilkåra som vert stilte i forskrifta, kan søke om tilskot til drift av beitelag. Søknadsportalen er alt opna (15. september), og søknadsfristen er 15. oktober. For beitelag gjeld eigen søknadsfrist; 15. november. Beitelaga skal søkje på eige skjema.

Velkommen til seniortreff på Velferdssenteret i Vik

Seniortreffet er ope torsdagar mellom klokka 11 - 15.