Velkommen til Vik helse- og omsorgssenter
Vi har nyleg flytta inn i nytt bygg ved Vik helse- og omsorgssenter.
Her finn du hovedinngang for sjukeheim, dagsenter, rehabilitering, heimesjukepleie, heimehjelp, bu-og miljøteneste, psykisk helse- og rusteneste. Ved inngangen finn du resepsjonen der du kan ta kontakt ved behov. Resepsjonen er open 08.00 til 15.30.
Fyrste og andre byggetrinn er gjennomført. I fyrste byggetrinn vart det bygd (ferdig hausten 2023):
- 8 omsorgsbustader - bygg A
- Legekontor, helsestasjon og jordmor - bygg B
- 12 omsorgsbustader med heildøgnsomsorg - bygg H (i dag fungerer det som sjukeheimsavdeling, i påvente av at tredje byggetrinn vert ferdig mai 2026)
- Lokale for heimesjukepleie, heimehjelp, rehabilitering, bu-og miljøteneste, psykisk helse- og rusteneste - bygg C
I andre byggetrinn vart det bygd (ferdig april 2025):
- 12 sjukeheimsrom for somatikk - bygg F
- 1 Kommunalt akutt døgnopphald-plass - bygg D
- Dagsenter og allrom - bygg D
- Sanserom - bygg D
- Produksjonskjøkken - bygg D
- Vaskeri og reinhald - bygg D
- Lager og lokale for driftsopperatør hjelpemiddel og vaktmeistar - bygg F
Tredje byggetrinn er planlagt ferdig mai 2026. Her vil det komme:
- 18 sjukeheimsrom
- 6 omsorgsbustadar med heildøgns omsorg
Vi ynsker deg velkommen til vårt nye bygg, og ser frem til å ta imot deg om du er bebuar, pasient eller pårørande.
VHO
VHO
Publisert 25.04.2025 14:16
Sist endra 25.04.2025 14:47