Om helsestasjonstenester 0-5 år

Alle barn og unge har rett til helsekontrollar. Helsestasjonen har rutinar for å følge opp barnet frå fødselen med fokus på å fremja barnet si fysiske, psykiske og sosiale utvikling og førebyggja sjukdom,  skade. Helsestasjonstenesta skal bidra til å styrke barn si eigenmeistring og vaksne si meistring av foreldrerolla. Tenesta tilbyr mellom anna råd, rettleiing, helseundersøkingar og vaksinasjonar.

Det kan vere spennande, men også utfordrande, å vite korleis du som føresett kan forstå og støtte barnet ditt best mogleg. På helsestasjonen møter du helsesjukepleiarar som kan gi deg råd og rettleiing. Vi er her for deg og barnet ditt! Når du kjem heim frå sjukehuset med eit lite spedbarn, kan det vere mykje du er usikker på. Me rår deg til å vere selektiv med tanke på kva slag informasjon du vel å leggje vekt på. Ikkje all tilgjengeleg informasjon er god, eller riktig. Bruk gjerne helsesjukepleiar som følger opp barnet til å kvalitetssikre det du har lese, eller høyrt. Me tilrår desse nettstadane:

Helsestasjonen har som mål å vera  tilgjengeleg for barna og deira omsorgspersonar. Du kan alltid ta kontakt med helsestasjonen dersom du har spørsmål, eller opplever små og store utfordringar i kvardagen med barna. Helsestasjonen har rutinar for samarbeid med helsestasjonslege,  fastlege, andre kommunale tenester og  spesialisthelsetenesta. Foreldre pliktar å bidra til at barnet får helsekontrollar.  Tenesta er gratis.

Barn og unge med langvarige og, eller samansette behov for fleire tenester kan få oppnemnt ein koordinator

Kontaktinformasjon

Helsestasjon
Informasjon Kontaktopplysningar
Telefon dagtid 57 69 87 11
Opningstid Måndag - fredag, kl. 08.00 - 15.30
Gateadresse Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
Postadresse Vik helsestasjon, Helsetunet, Flatbygdi 10, 6893 Vik i Sogn
E-post inger.lise.fjaerestad@vik.kommune.no
Tilsette Inger Lise Fjærestad telefon: 41 46 85 07
Digihelsetasjon Kontakt med helsestasjonen via HelseNorge