Må eg sende inn søknad?

I utgangspunktet er oppføring av ein bygning, eit tilbygg, påbygg, konstruksjon- og anleggsbygg søknadspliktige. Det same gjeld for bruksendringar, reparasjonar eller større terrenginngrep.
 

Sjekkpunkt ved bygging og andre tiltak på eigedomen:

Tiltak som bygging, riving og endring av bygg må vere i samsvar med gjeldande lovverk, forskrifter og andre bestemmelsar. Eit av sjekkpunkta før ein set i gang med eit "tiltak" er å finne svar på kva for planar er det eigentleg som gjeld for min eigedom?

Sjekk artikkel - kva plan gjeld for meg?

Bygge/endre/rive?

Dersom du ynskjer å rive eit bygg gjeld dei same reglane som for oppføring av bygg. I tillegg må det lagast ein avfallsplan og ei miljøsanerings-skildring dersom tiltaket overstig 100 m2.

Sjå eigen artikkel om avfall i byggeprosessen.

Nokre tiltak kan du søke kommunen om sjølv, andre tiltak treng du hjelp av fagfolk for å søkje om. Enkelte tiltak er unnateke søknadsplikt.

Skal du bygge sjølv, har du ansvar for at du held deg til dei lover og forskrifter som gjeld for tiltaket. I tillegg må du fylgja dei reglane som gjeld innafor det som ein eventuell reguleringsplan har lagt opp til for området ditt. Gjeldande kommuneplan er og eit styringsverktøy i slike saker.

I lenkja her finn du ut korleis du går fram for å søke om eit tiltak - og kva for dokumentasjon som skal vera med i søknaden.

Du må alltid bruke fagpersonar i heile søknads- og byggeprosessen om du skal:

  • bygge ein garasje, bod eller annan bygning over 70 kvadratmeter.
  • bygge eit tillbygg på huset ditt som er meir enn 50 kvadratmeter.
  • bygge eit påbygg, som t.d å etablere ein takterrasse.
  • dele opp bustadhuset ditt i fleire bustadeiningar.

Fagpersonar skal:

  • senda inn søknad for deg
  • planlegge prosjektet
  • utføre bygginga.

Sjå kommunen sin artikkel byggesøknad for fagfolk i lenkja her

Pass på:

  • At alle byggtekniske krav blir følgde. Døme er brann- og avstandsreglar i tillegg til krav om dagslys, energi og inneklima.
  • Tilpassing til kommunale planar, mellom anna reglar for plassering, utforming og storleik.

Sjølv om det er du som står ansvarleg, er det mogeleg å bruke fagpersonar i heile eller deler av søknads/-byggeprosessen.

Det tek tid å samle dokument for å få sendt inn søknaden. Set av minst 14 dagar til nabovarsling. I tillegg må det påreknast tid til sakshandsaming i kommunen.

Ver òg merksam på kommunen sine gebyr for å behandle både bygge-rivings/-dispensasjons-søknader.

Informasjon om dispensasjons søknader finn du i denne lenkja

Byggesaksgebyr oppsett i eige menypunkt finn du under denne lenkja.

Ofte stilte spm om bygg/endre/rive

Heimel:

Plan og bygningslova (PBL) LOV-2008-06-27-71 
Byggesaksforskrifta SAK 10 FOR-2010-03-26-488
Forvaltningslova LOV-1967-02-10

Kontaktinformasjon:

Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja