Dele frå eigedom

Når du skal lage en ny eiendom, må du først kontakte kommunen. Kommunen føretek oppmåling av tomta, og gir den eit eige gards- og bruksnummer i matrikkelen, før det blir sendt melding til tinglysing.
 

Førehandsbestilling=din kontakt inn til kommunen

Dersom du treng kontakt med saksbehandlar i kommunen før du startar ein eventuell søknadsprosess, kan du enkelt bestille ein førehandskonferanse. Kryss av i skjemaet for førehandsbestilling om kva for tiltak du har planar om, og send inn elektronisk. Saksbehandlar vil då ta kontakt med deg. Dette vert det ikkje kravd gebyr for.

Skjema for førehandsbestilling

I skjemaet nedanfor med tittel "kartbestilling" kan du bestille fylgjande informasjon frå kommunen:
Situasjonskart, digitale kartdata, Leidningskart for vatn & avløp, naboliste, kart, geografisk stad (adresse, eigedom), geografisk stad i form av polygon på kart.

Søknadskjema for kartbestilling

Slik søkjer du om frådeling av eigedom

Du søker om frådeling av eiendom ved å fylle ut søknadsskjema søknad om tillatelse til tiltak uten ansvarsrett.

Skjema rekvisisjon av oppmalingsforretning (PDF, 102 kB)

Dokumentasjon som må vere som vedlegg til søknaden:

 

Anna dokumentasjon som kan vere relevant til søknaden:

  • Søknad om dispensasjon dersom det er relevant
  • Avkøyringsplan
  • Erklæring eller avtalar om vegrett, ledningar og naudsynt vedlikehald som går over andre eigedomar
  • Eventuelle erklæringar om at attståande eigedom (den opprinnelege eigedomen) gir frådelt (ny eigedom) rett til veg, vatn- og avløpsledningar. 
  • Punktliste for evnt. vedlikehald må leggjast ved.
     

På lenkja her finn du informasjon om deling av landbrukseigedom

Heimel

Lokal forskrift for Vik kommune oppmåling

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon finn du på denne lenkja