Kulturminne

Kulturminne er spor etter menneskeleg liv og verksemd. Kulturminne er ei viktig kjelde til kunnskap om historia og til gode opplevingar. 

Meir om kulturminne

Kulturminne kan også vere grunnlag for verdiskaping og næringsutvikling. Når eit kulturminne forsvinn, er det eit vindauga mot fortida som lukkar seg. Som planleggingsstyremakt er kommunen den største forvaltaren av kulturhistoriske verdiar og skal vere ein pådrivar i arbeidet med å sikre kulturminne.

Kulturminneplan for Vik kommune

Kommunestyret i Vik vedtok i november 2018 den fyrste kulturminneplanen for kommunen. Planen er ein tematisk kommunedelplan etter plan- og bygningslova, og skal vera kommunen sin reiskap i forvaltinga av kulturminne. Planen skal auka kunnskap og medvit om verdien av kulturminne. Planen som skal reviderast kvart 4. år, har ein generell del, og ein handlingsdel for tiltak i kommunal regi næraste 4 år. 

Eit utval kulturminne har gjennom kulturminneplanen fått ein ny status, i form av ein svak form for vern og tilgang til tilskotsordningar. Verdivurderingane som er gjennomførte for kulturminne som ikkje hadde vernestatus frå før, er å finne i vedlegget til planen.

Kommunen skal gjennom kommuneplanen legge nasjonale og regionale retningslinjer til grunn for si planlegging. Viktige dokument er:

  • Stortingsmelding nr. 16 ”Leve med kulturminner” (2005) er ein handlingsplan for kulturminnepolitikken i Noreg fram mot 2020. Stortingsmeldinga har eit mål om at kulturminne og kulturmiljø skal stå sentralt i utviklinga av levande lokalsamfunn, og legg fram ein handlingsplan med forslag til tiltak for å stoppe forfallet og tap av verdifulle kulturminne. 
  • Stortingsmelding 35 «Framtid med fotfeste» (2013) fører vidare strategien for kulturminnepolitikken fram mot 2030.

Kulturminneomsyn i byggjesaker

Før bygningar som er bygd før 1850 ("raude SEFRAK") og bygningar som er nemnde i kulturminneplanen for Vik kommune kap. 4.4 kan rivast eller endrast fasade på, må ein ha løyve frå kommunen. Kommunen skal sende tiltaka på høyring til Fylkeskommunen si kulturavdeling før det blir gjeve løyve. Ta kontakt med byggesakshandsar i kommunen for meir informasjon.

Slik kan du finne ut om huset ditt er SEFRAK-registrert:

SEFRAK står for Sekretariat for registrering av faste kulturminne i Noreg og er eit landsdekkande register over eldre bygningar og andre kulturminne. Les meir om registeret her

For å finne ut om eit hus er i registeret, kan du bruke kartet på miljøstatus.no, eller andre kartteneste, t.d. Fylkesatlas. For å få fram SEFRAK-objekt i Fylkesatlas, må du krysse av temalaget «SEFRAK-bygg» under «Kulturminne». Dersom du i tillegg krysser av temalaget «Bygningar i SEFRAK-registeret i Vestland fylkes (DOK)», kan du ved å klikke på den grøne signaturen og namnet til bygningen, komme inn på BRA-arkivet og sjå originalskjemaet som blei fylt ut under registreringa.

Kulturminne i Stølsheimen og Nærøyfjorden landskapsvernområde

Gardstun, husmannsplassar, stølar og enkeltståande bygningar, som utløer og naust, er viktige kulturminne og opplevingselement i landskapet. Desse er viktige å ta vare på. På nettsidene til landskapsvernområda våre finn du rettleiande informasjon om istandsetjing og vedlikehald av denne type kulturminne.

Nærøyfjorden verneområdestyre - byggeskikk og istansetting av hus i kulturlandskapet

Kulturminne i skulen

Stiftinga Norsk kulturarv har lansert ein undervisingsportal for skular. Gjennom Norsk kulturarv si støtteordning «Rydd eit kulturminne» kan skular få stipend på kr 4000 kr for å rydde og gjere det tilgjengeleg omkring eit kulturminne i sitt nærmiljø.

Tilskotsordningar

Dersom du lurer på å søkje om stønad til å setje i stand eit kulturminne, kan du gjerne ta kontakt med Vik kommune v/Karen Weichert for reittleiing eller råd.

Kontaktinformasjon

KiK-kontakt (Kulturminne i kommunen) er Karen Weichert, telefon 414 42 726, e-post karen.weichert@vik.kommune.no

Aktuelle lenker og dokument

 

Lokale kulturminnelenker:

 

Andre lenker: