Kva gjer du når du møter husdyr i naturen?

Mange turstiar går gjennom beiteområde. Det er viktig å tenke gjennom korleis du skal opptre for å unngå konfliktar og ulukker. 

Leiger du ut bustad?

Hausten 2025 vert det tilsynskampanje med radon.

Borgarleg vigsel

Me gratulerar Suchawadee Wongauttha og Lyder Leidulf Eikeland som vart vigde av ordførar Roy Egil Stadheim 4. juli 2025.

Flotenvegen blir stengt med vegbom

Etter gjeldande reguleringsplan, blir Flotenvegen stengt i løpet av sommaren.   

Kantslått av kommunale vegar

Vik kommune startar opp med kantslått av kommunale vegar i veke 29.

Stengt turveg - Elvavegen i Fresvik

På grunn av anleggsarbeid i form av reinsking av elveløp blir turvegen over idrettsbana i Fresvik stengt fram til 1. august.

Nye fristar for spreiing av husdyrgjødsel

Lageret bør bli tømt etter andre slåtten. 15. september er siste frist for spreiing av husdyrgjødsel om hausten. Det er no slutt på at kommunen kan fastsette eigne fristar, og det er berre Statsforvaltaren som kan gje dispensasjon frå fristen.    

Sjekk ditt personlege klimafotavtrykk og vinn premie

I samband med arbeidet med ny samfunnsdel til kommuneplane håpar vi at du som innbyggjar i kommunen har lyst å sjekke ditt personlege klimafotavtrykk og dele resultatet anonymt med oss som jobbar med kommuneplanen. Du kan også delta i ein konkurranse og vinne premiar. Les meir om dette på startsida i spørjeskjemaet

Tidlegrøysting stortings- og sametingsvalet 2025

Dersom du ikkje har høve til å røyste i førehandsrøysteperioden eller på sjølve valdagen, kan du avtale tid for tidlegrøysting i perioden frå tysdag 1. juli til og med fredag 8. august. 

Borgarleg vigsel

Me gratulerar Else Marit Hjørnevik og Ivar Hjortland som vart vigde 21. juni.

Ny inngang til Vik kyrkje

Arbeid med ny inngang til Vik kyrkje er påbegynt.