Arealoverføring er overføring av areal mellom eigedommar med felles grense utan at arealet blir oppretta som eigen eigedom.
Vilkår for arealoverføring
-
Løyve frå kommunen til arealoverføring må føreliggja jf. plan- og bygningslova og evntuelt jordlova.
-
Nødvendige erklæringar for aktuelt areal må vere oppretta. Dette gjeld for areal om overdraging av eigedomsrett, pantefråfall og konsesjonar.
-
For mindre endringar av areal (inntil 5%), skal det nyttast grensejustering.
-
Krava til plantefråfall ved arealoverføring er dei same som ved samanslåing av eigedomar.
-
Ved arealoverføring mellom landbrukseigedomar må det bli gitt løyve etter jordlova § 12. I slike høve må konsesjon eller eigenerklæring om konsesjonsfrihet vere vedlagt søknaden. Les meir om denne type arealoverføring i landbruket i artikkelen på denne lenkja.
Slik kan du søke
Arealoverføring av eigedom får du søke om ved å fylle ut søknadskjemaet "søknad om tillatelse til tiltak utan ansvarsrett"
Søknadskjema søk om arealoverføring (PDF, 102 kB)
Dokumentasjon til søknad
Annan dokumentasjon som kan vere relevant til søknaden:
Naboar har to veker på å kome med merknader. Det må ikkje gå meir enn eit år frå ein sender nabovarsel - fram til kommunen mottek søknaden din. Dersom det går meir enn eit år må ein sende ut nytt nabovarsel.
Situasjonskart kan byggesaksansvarleg i kommunen hjelpe deg med å lage til. Her er lenkje til kommunekart.com der du kan velje Vik kommune. Alternativt kan du søkje om å få tilsendt situasjonskart for bygge og delingssøknader gjennom kommunen sitt skjema kartbestilling.
Dersom tomta di er vanskeleg å bygge på (m.a. kupert/skrått terreng), bør du og leggje ved kart som viser framlegg til framtidig husplassering.
Legg òg ved eit terrengsnitt. Kartet skal vise plassering av køyretilkomst og naudsynt areal til parkering og uterom.
Dersom frådeling krev opparbeiding av ny avkøyring eller utvida bruk av eksisterande avkøyring frå fylkes veg eller riksveg nyttar du skjemaet nedanfor:
Søk om ny eller endra avkøyring
Publisert 01.11.2021 15:04
Sist endra 10.02.2023 09:19